Vedtekter for Skarevik Barnehage

Her er vedtektene til Skarevik Barnehage

 

VEDTEKTER FOR SKAREVIK BARNEHAGE SA.

                                      Etter barnehagelova

 

§ 1. Navn.

Barnehagen eiges og drives av Skarevik Barnehage SA, 6710 Raudeberg i Kinn Kommune.

 

§ 2. Formål. 

Samvirkelaget skal drive barnehage på Raudeberg og Nord Vågsøy på best muleg måte for lagets barn.

Barnehagen drives med eit ideelt, ikkje økonomisk formål.

Barnehagen drives for øvrig i samsvar med

2.1.      Barnehagelova.

            Rammeplan for barnehager.

Forskrifter og retningslinjer fastsett av Kunnskapsdepartementet.

2.2.      Gjeldande regler og forskrifter for internkontroll.

2.3.      Vedtekter for Skarevik Barnehage SA.

2.4.      Årsplaner og månedsplaner for barnehagen.

  

§ 3. Barnehagens organer.

3.1. Årsmøtet.

Årsmøtet er samvirkelagets øverste myndighet. Det er fastsatt eigne vedtekter for laget.

Eigarstyret er økonomisk ansvarleg for samvirkelaget og skal vere eit kontrollorgan for laget / barnehagen. Vidare fungerer eigarstyret som barnehagens øverste organ mellom årsmøtene.

3.3. Samarbeidsutvalet.(SU):

3.3.1.   SU har ansvar for den alminnelege drift av barnehagen i samsvar med årsmøtet og eigarstyrets  regler og retningslinjer.

3.3.2.   SU skal bestå av 7 medlemmer.

3.3.3.   Foreldrerådet, dei ansatte og eigarstyret vel kvar to representantar.

3.3.4.   Styrar har møte-, tale- og forslagsrett i SU og fungerer som SU’s sekretær. Styrar har ikkje stemmerett med mindre vedkommande er valt som medlem.

3.3.5.   Representantane for foreldreråd har 1 års funksjonstid, ansatte har 2 års funksjonstid, repr. frå eigarstyre har 1 års funksjonstid.

3.3.6.   SU held møter når det er nødvendig og innkallast av SU’s leiar i samråd med styrar. Medlemmer av SU og eigarstyret kan kreve SU innkalt. Slik innkalling skal skje seinast 14 dagar etter anmodning.

3.3.7.   SU er vedtaksfør når minst 4 representantar møter. Ved stemmelikhet avgjer leiarens stemme.

3.4.      Foreldreråd. (FR):

3.4.1.   Foreldrerådet består av foreldre / foresatte til alle barn i barnehagen.

3.4.2.   FR skal fremme samarbeid mellom heimen og barnehagen.

3.4.3.   FR kan be om å få seg forelagt saker av viktighet for foreldrenes forhold til barnehagen. FR har rett til å uttale seg i slike saker før avgjersla blir tatt.

3.4.4.   SU’s leiar innkaller til og leier møtet i FR. Innkalling til foreldrerådsmøter skjer med 7 dagers varsel. Sakslisten skal vedleggast eller vere ein del av innkallinga.

3.4.5.   Ved avstemning i FR har kvart foreldrepar ei stemme.

 

§ 4. Opptak og oppsigelse.

4.1.      Overordna målsetting:

Det er hovudopptak av barn 1 gong i året. Søknadsfrist 15 februar.

Opptaket vert gjort av styrarane i den einskilde barnehage. Ledige plassar som oppstår gjennom året blir tildelt barna på venteliste. Opptaket er samordna med dei andre barnehagane i kommuna, jf. Lov om barnehagar §17

4.2       Prioritering:

Opptakskrins: Kinn Kommune, fortrinnsvis Nord Vågsøy

      

Opptak skjer etter følgande prioriteringsrekkefølge:

            -1.        Barn med nedsett funksjonsevne som kan ha nytte av opphald i vanleg barnehage.

                        (Lov om barnehager §18)

                        Dokumentasjon: Skriftleg attest frå lege, psykolog, PP-tjenesta eller fagperson ved

                        Sosial/medisinsk institusjon

-2.        Barn som det er fattet vedtak om etter barnevernsloven § 5-1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b, har rett til prioritet ved opptak i barnehage.           

Dokumentasjon: Skriftleg dokumentasjon frå sosial-/barnevernstenesta.

            -3.        Barn under 3 år har fortrinnsrett med inntil 9 plassar

            -4.        Barn frå Nord Vågsøy prioriterast

            -5.        Styrar kan gje ansatte fortrinnsrett ved opptak av barn, dersom dette er viktig for å

                        få besatt stillingar.  

            -6.        Barn med plass i barnehagen som ønsker auke av plassen

            -7.        Søsken av barn som allerede har plass i barnehagen.

            -8.        Barn frå Nord Vågsøy som søkjer overflytting.       

           -9.        Barn med anna språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unnatak av barn som har                               samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

          -10.      Barn som etter ei samla vurdering av barnet og foreldra sin livssituasjon, har eit særleg                          behov for barnehageplass. Til dømes einsleg forsørgar, under utdanning, attføring eller at                         ein av forsørgjarane er mykje borte frå heimen

            -11.      Tvillingar, tvillingsøsken og søsken.

           

            Under ellers like forhold, skal det takast omsyn til følgjande:

  • Den eldste får tilbod fyrst.

 

Søknad om opptak er felles for alle barnehagane i Kinn Kommune. Ein søkjer ved å gå inn på kinn.kommune.no, og elektroniske søknader.

4.3.      Opptaksmyndighet:

Styrar fører venteliste og fremmer opptak.

Beslutning om opptak skal treffast så snart som muleg etter at det er mottatt ein oppsigelse.

Beslutning om opptak kan påklagast av foreldre/foresatte med barn på venteliste til eigarstyret som fatter endeleg avgjersle i samsvar med desse vedtekter. Klage må fremsettast skriftleg innan 14 dagar etter avgjerslen er meddelt. Jf Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagen §6.

 

4.4.      Opptaksperiode.

Barn som tas opp i barnehagen har fast plass til skulepliktig alder.

4.5.      Oppsigelse av andel/plass:

For vårhalvåret.......................................15.november.

For neste barnehageår.............................  1.mai

Eigarstyret forbeheld seg retten til å kreve full betaling i oppsigelsestida dersom plassen ikkje kan overtakast av andre. Oppsagt plass kan overtakast av eit anna barn før oppsigelsesperiodens utløp.

Barnehagen kan seie opp plassen til barnet ved manglande betaling. Sjå § 8.

 

§ 5. Arealutnytting.

Barnehagens leike- og opphaldsareal er satt til 4 m2 netto pr. barn over 3 år og

5,4  m2 netto for barn under 3 år.

Vedrørande arealutnytting gjeld til einkvar tid Barnehageloven.

 

§ 6. Åpningstider.

Barnehagen held open fem daga i veka kl. 07.15-16.15.

Barna skal leverast og hentast innanfor den fastsatte opningstida.

 Barnehagen er stengt 5 planleggingsdagar i løpet av året. Andre dagar (knytt til ferier) der det

erfaringsmessig er redusert barnetal, kan barnehagen foreta ei påmelding for å tilpasse bemanninga.

 

§ 7. Ferie.

Alle barna skal ha 5 veker ferie i løpet av barnehageåret inkludert dei 5 planleggingsdagane. Hovudregelen er at 3 av desse vekene skal vere samanhengande i perioden 01.06-31.08. Fastsetjing av ferie må avtalast med den einskilde barnehage innan 15.04. Dersom nokon ønskjer ferie utanom denne perioden, søkjer ein skriftleg til styrar på førehand. Barnehagen er stengt onsdag før skjærtorsdag og 2 dager i romjula. Barnehagen foretar ei påmelding av barna for å halde opent mandag og tirsdag i påskeveke, dette for å tilpasse bemanninga.

Julafta og nyttårsafta held barnehagen stengt.

§ 8. Betaling.

Betalingssatsane fastsettast av eigarstyret i Skarevik Barnehage og eigarstyret har vedtatt at Skarevik barnehage følger makspris som til ein kvar tid er fastsatt av regjeringa.

Ved fravær må avgifta likevel betalast. Uregelmessig betaling kan forårsake at barnet mister plassen. Varsel om at plassen kan stå i fare skal sendast skriftleg før barnehagen sender oppsigelse.

2 månader uteståande: Styrar tek kontakt med foreldra muntleg for å prøve å få til ei betalingsplan til beste for begge partar. Dersom foreldra ikkje viser vilje til å betale, vert dei orientert om at det snarleg vil bli sendt ut brev med varsel om oppseiing.

3 måneder uteståande: Absolutt siste krav og varsel om oppseiing.

Foreldrekontigenten forfaller til betaling  forskuddsvis den 15. i kvar måned. Søskenmoderasjon er 30 % på det yngste barnet. Det er gratis barnehageplass for barn nr 3 og fleire.

 

§ 9. Dugnad.

Foreldre som har barn i barnehagen deltar på ein dugnad pr. år. Foreldre som ikkje har anledning til å vere med på dugnad, kan få gjere forfallande arbeid undervegs etter avtale med vaktmeister. Dei som set i styret, har styrevervet som sin dugnad.

 

§ 10. Helsemessige forhold / fravær.

Dersom eit barn er sjukt eller har fråvær av andre grunner, må det gis beskjed til barnehagen så snart som muleg. Barn som er sjuke må holdast heime dersom  det foreligger smittefare. Dersom barnet ikkje kan vere ute og delta på lik linje med dei andre barna, bør barnet holdast heime. Styrar avgjer i tvilstilfelle om barnet kan vere i barnehagen. Barnehagen følgjer skriv frå helsestasjon og lege.

 

§ 11. Ansvar.

Personalet har ansvar for barna i den tida dei er i barnehagen. Eigarstyret er pålagt å teikne ulykkesforsikring for barna. Levering og henting av barna er foreldre / foresatte sjølv ansvarlege for.

Dersom barnet skal hentast av ein annen person enn den / dei som vanlegvis henter barnet, skal barnehagen ha beskjed frå barnets foreldre / foresatte om kven som skal hente barnet.

Beskjeder til personalet, gitt gjennom barnet, skal vere skriftlege.

Samvirkelaget / personalet har ikkje ansvar for barnets medbrakte klær eller andre eigendelar.

Personalet må ikkje ta med barna som passasjer i eigen bil eller offentleg transportmiddel utan at det benyttast forskriftmessig sikring av barnet, og at det foreligger samtykke frå foreldre / foresatte.

 

§ 12. Styre og personale.

12.1.    Ansettelser:

Barnehagens styrar ansettast av eigarstyret. Styrar er barnehagens daglege administrative og pedagogiske leiar. Styrar rapporterer til SU og eigarstyret. Øvrige personale ansettast av styrar.

12.2.    Stillingsbeskrivelse:

Stillingsbeskrivelse for styrar og personalet fastsettast av eigarstyret i barnehagen.

 

§13. Mislighold.

Dersom foreldre / foresatte som har barn i barnehagen bryter eller unnlater å følge disse vedtekter, FR’s retningslinjer og beslutningar, eller unnlater til rett tid å betale den vedtatte månedlege foreldrekontigent til barnehagens drift, kan styrar beslutte at det aktuelle barn skal utmeldast.

Dersom barnet gjentatte gonger blir henta etter barnehagens ordinære stengetid og dette medfører ekstra lønnskostnadar for barnehagen, skal styrar pålegge foreldre / foresatte å betale denne ekstra kostnaden.

§ 14. Endringer av barnehagens vedtekter.

Desse vedtekter er vedtatt av eigarstyret i Skarevik Barnehage BA den 5. februar 2002.

Eigarstyret kan endre barnehagens vedtekter etter at endringsforslaget er forelagt SU til uttalelse.

Raudeberg, den 22. januar 2002.

                                     Endra 9.mars 2005               Endra 10. mai 2006

                                      Endra 20. mars 2007            Endra 13. febr 2008

                                      Endra 31. mars 2009            Endra 1 mars 2012

                                      Endra  10. februar 2014       Endra 19. januar 2016

                                      Endra 13. mars 2017            Endra 13. februar 2018

                                      Endra 23 mars 2025             Endra 28. september 2026